Aktuelle forestillinger

Dag Rune Sjøli har vært på Riksteaterturné med Oslo Danse Ensemble siden 3. mars, og nå om dagen møter han publikum i Nordland, Troms og Finnmark. Det å spre dans i hele landet er noe han brenner for, og som han forteller om med stor iver da jeg møter han på Grünerløkka en solfylt dag. Derav tittelen, som han forøvrig foreslår selv.

Av Ida Gudbrandsen (Foto: Antero Hein)

1. Hva arbeider du med for tiden?
No for tida er eg på Riksteaterturné med Oslo Danse Ensemble med forestillinga ODE 2016. Den inneheld tre koreografiar som me framfører på kulturhus rundt omkring i Norge, sånn som ein Riksteaterturné pleier å vere. Eg skal vere på tur fram til mai, og det stortrives eg med. Eg synes det er utruleg spennande å få sjå landet og møte folk der dei er, og det er veldig fint å få vere saman med den same gjengen over tid, å få leve og jobbe saman.


dagrune2. Hvordan skiller dette prosjektet seg fra ditt tidligere arbeid?
Dette er den første profesjonelle turneen eg er på, og det at eg gjer den same forestillinga mange gonger, er kanskje den største forskjellen frå andre prosjekt eg har gjort. Det er ein ganske stor produksjon, og eg er med på alle dei tre koreografiane. Eg føler at eg verkeleg får fokusere på å vere dansar, og at eg får utfolde meg på scenen. Det kjennes luksuriøst å vere på turné med Riksteatret, eg er ikkje vant til å vere bortskjemt. Det å få konsentrere seg om å varme opp, jobbe med kroppen, og fokusere på å gjere gode forestillingar synes eg er heilt nydeleg. Det er spesielt viktig for meg no, fordi eg opererte menisken for litt over ei månad sidan og må ta vare på kroppen. Det å vere på turné så lenge krevjar at ein heile tida opprettheld både det fysiske og det kunstneriske.

Hvordan jobber dere for å opprettholde det kunstneriske?
Alle koreografiane er veldig satt, så det er ikkje snakk om å improvisere eller gjere store endringar, men om å minne kvarandre på kva vi jobbar med i dei ulike verka. Alle i kompaniet liker å overraske kvarandre, og me spelar på det og på publikum. Henriette Hamli er dansekaptein og ho har alltid ei lita prat før me går på scenen, men stort sett er det opp til oss sjølv å gjere jobben vår skikkeleg, me er jo vaksne menneskjer.


3. Når, hvordan og hvorfor begynte du å jobbe seriøst med dansekunst?
Då eg var liten var det ikkje noko dansetilbod i Luster, der eg kjem frå. Men då eg var femten starta organisasjonen Dans uten grenser eit prosjekt med å utdanne danseinstruktørar som skulle undervise dansegrupper i ti av kommunane i Sogn og Fjordane. Luster var ein av dei. Leder Ove Henning Solheim kom og held audition, og eg blei valt som ein av sju ungdommar som fekk bli danseinstruktørar. Det var sånn eg oppdaga dansen. Me fekk eit halvt års opplæring og sjølv om lærarane våre var amatørar, syntes eg dei var råflinke og eg likte stemninga, atmosfæren og alt som var rundt dansen. Me reiste rundt i fylket og fekk møte ungdommar frå andre kommunar. For meg, som ikkje hadde vært utafor Gaupne, var berre det å reise til Førde heilt wow! Ikkje minst var det stort å oppleve at ungdommane der var heilt like som oss… hahahaha!

Hahahaha!

Men heilt seriøst synes eg det er spennande å ha dansen som eit verktøy til å bygge bruer mellom folk. Eg kjem frå idretten og drømte om å bli fotballspelar. Men det var før eg oppdaga at dans er det ultimate, rett og slett. Eg er fascinert over kva ein kan gjere med kroppen og lar meg inspirere av det andre får til som eg ikkje klarer. Det å stå på scena gir noko heilt anna enn å vere på fotballbanen, sjølv om det også er mykje likt. Dans byggjer band og relasjonar, og eg likar å sjå korleis folk utviklar seg og veks gjennom dansen. Dans uten grenser var veldig gode på å gje folk mestringsfølelse. Me som var instruktørar fekk sjølvtillit og ansvar, me lagde elevforestillingar og eigne show og blei forbilder for ungdommane me underviste. Pengane me fekk inn gjorde at me kunne dra på turné til barneheim i Lativa, Litauen og Afrika. Dans uten grenser var ein veldig fin inngangsportal til dansen, og eg koste meg med det gjennom heile vidaregåande.

Eg jobbar framleis for dei, og i år har me 10-årsjubileum i Sogn og Fjordane. Det skal feirast med ei forestilling i Sogndal i oktober som eg er med og koreograferar saman med 80-90 ungdommar. Det er veldig kjekt å komme heim og dele erfaring og kunnskap eg har karra til meg.

Men hvorfor gikk du egentlig på audition til Dans uten grenser? Jeg kan ikke se for meg at de fotballguttene jeg kjenner hadde gjort det.
Hvis eg skal vere heilt ærleg var det fordi dei fine jentene skulle, hahaha! Men det tok ikkje lang tid før det begynte å handle om andre ting for meg: det å ha elevar, få gjere ei forskjell i lokalsamfunnet, og oppdage at dansen kan fungere som ein isbrytar for å møte og verkeleg sjå folk. Eg følte eg gjorde noko spesielt og det ga ein boost som gjorde at eg fekk lyst til å fortsette.

Eg hadde aldri fantasert om å bli dansar, men Solheim pusha meg til å gå vidare med dansen. Han så noko i meg, sa han. Etter tredje klasse på vidaregåande drog eg på audition til Spin Off Forstudium i dans. Eg hadde ikkje tatt ein einaste ”ordentlig” danseklasse i heile mitt liv og aldri vært i Oslo før, så det var heilt kaos. Eg kom sjølvsagt ikkje inn, men på audition til Norges Dansehøyskole fekk eg gjere solo, og kom inn. Eg gjekk der eit år, jobba iherdig og trivdes kjempegodt, men søkte på Kunsthøgskolen fordi alle andre gjorde det. Så gjekk eg tre år på jazzlinja der, og no er eg her.

Alt har gått veldig fort. Eg føler at eg aldri verken har slutta med det eg dreiv med eller begynt med noko nytt. Ting har berre skjedd. På ein måte kan ein jo si at det er etter utdanninga, når ein har heldt på litt, at ein må bestemme seg for om ein vil halde fram. På skulen blei eg jo fortalt kva eg skulle gjere til einkvar tid, mens no tenker eg meir over kva eg driv med. Det er forskjell mellom å ville bli dansar og å vere det.


4. Hva håper du å utrette gjennom din virksomhet innen dansekunst? Har du en plan, noen bestemte mål eller ambisjoner for framtida?
Eg fekk tidleg høre at eg var målretta og dedikert, men eigentleg har eg aldri hatt nokon mål med dansen, eg har berre ønska å bli så god som mogleg. Alt i verda forandrar seg heile tida, eg også, så eg kan ikkje seie at eg har eit bestemt mål. Eg er ikkje ein planleggjar, meir ein som flyter med bølgjene og ser kva som skjer. Eg har alltid likt å leike og synes det er gøy å møte folk eg kan leike med. Sjølv om eg tar dans seriøst og synes det er viktig, er det aldri så viktig at det ikkje er plass til noko anna. Eg er ferdig med å vere inne i ei boble, slik ein er når ein går på skule.

Eg har jo ønska å kunne leve av dansen, men eg hadde aldri trudd eg skulle gjere det eg gjer no. Eg elskar å reise rundt og å lære av alle dei vise folka som har jobba heile livet med å finne ut av ting som eg berre kan suge til meg. Det elskar eg med dansen, det at det berre er opp til meg og det eg klarar å få til med kroppen min. Eg ser jo for meg ting i framtida, men eg veit ikkje om eg vil kalle det draumar eller visjonar eller kva det er. Eg har lyst til å utrette noko gjennom dansen, og har alltid sagt at eg vil gjere ei forskjell.

Kan du si noe mer konkret om det?
Det med å gjere ei forskjell er noko eg føler sterkt når eg er heime i Sogndal, og eg ser for meg ei framtid med Dans uten grenser der eg byggjar vidare på det grunnlaget me har lagt. Eg vil gje vidare det eg opplevde, og halde det på et nivå der alle kan delta og der dansen kan virka oppbyggjande. Eg vil gjere Dans uten grenser større, spreie det til fleire fylker og byer i Norge og etablere residensar slik at internasjonale kompani kan komme og jobbe. Kanskje eg startar mitt eige kompani også? Eg er glad i å koreografere.

Eg likar eigentleg ikkje å tenkje for mykje på framtida, for eg vil ikkje bli opphengt i den og likar at ting kjem når dei kjem, men det hender eg draumar meg litt vekk som no, haha.   


5. Kan du beskrive din arbeidsprosess? Følger du en bestemt metode?
Eg klarar aldri binde meg til ei treningsform, ein stil eller eit type tankesett. Eg må føle meg fri. Når eg oppdagar noko nytt, lærer eg meg dei prinsippa som er spesifikt for det uttrykket og jobbar med dei, før eg tar dei med meg vidare. Når eg jobbar liker eg å vere delaktig og kreativ. Eg spyttar ofte ut alt eg tenkar på, og er ikkje redd for å få nei. Eg er opptatt av å skape positiv energi. Det trur eg at eg har etter faren min, som var fotballtrenaren min i ti år. Han fokuserte på det. Eg synes det er viktig at folk tør å gi av seg sjølv og at dei tør å feile.

Har du hatt noen spesifikk metode eller strategi for arbeidet med ODE 2016?
I det siste har eg hatt mye fokus på å ha det godt i kroppen min. På grunn av skadar har eg sitte ein del og sett på, visualisert mykje og fått moglegheit til å observere utanfrå. Det har gjort at eg no har ein litt rolegare inngangsmetode. I staden for å berre hoppe i det og gjere det tjue gongar etter kvarandre utan eigentleg å få det til, har eg begynt å sjå, tenkje og lytte først og heller gjere det skikkeleg eit par gongar. Eg tenkjar på at eg må ta vare på kroppen, og er meir forsiktig og kontrollert enn eg var før. Eller, kontrollert? Eg veit ikkje heilt eg, man kan jo ikkje vere for kontrollert heller da.   

Du er også med i hiphop-crewet Cre8. Er det annerledes enn å jobbe med ODE?  
Eg kom med i Cre8 da dei jobba med forestillinga Swathe, koreografert av Jens Jeffrey Trinidad og Christine Nypan. I den prosessen følte eg verkeleg fridom, noko som er ekstremt viktig for meg. Sjølv om Jens og Christine var koreografane, var me samtidig berre crewet som jobba saman. Alle bidrog gjennom heile prosessen, og me var saman heile tida, også på fritida. Eg opplevde at Jens og Christine var veldig interessert i det eg hadde å seie og såg at det skjedde noko med dei også fordi dei var så opne. Eg trur at alle kan lære noko av alle og opplever stadig at om eg gjer folk eg i utgangspunktet ikkje har lyst til å høyre på ei sjanse, får eg som regel noko ut av det.

Hiphop-miljøet er eit utruleg fint miljø der dei inkluderer og roser kvarandre, og det er veldig opent og fritt. Det er slik som dans burde vere, synes eg. Det var også det som var mottoet mitt da eg begynte i Dans uten grenser: Ein plass for alle. Da eg kom til Oslo oppdaga eg at det ikkje var heilt sant, og at det fantes regler for korleis ein skulle vere og sjå ut, og formar ein skulle passe inn i. No er eg litt tilbake der eg starta og tenker at det er originalitet og det menneskelige som er viktig.


6. Hvordan vil du beskrive det norske dansekunstfeltet i dag?
Eg har jobba veldig bredt i feltet, og opplever at folk både er veldig like og veldig ulike. Folk ønskjer ofte det same, men me seier det på ulike måtar. Nokon liker å snakke, andre liker å bevege seg. Sjølv likar eg å vere litt overalt, men etter at eg var ferdig på KHiO har eg hatt behov for å oppsøke ting utanfor dansemiljøet, og har trena lite dans. Eg føler eigentleg ikkje at eg er så veldig inne i dansemiljøet og at eg kan seie så mykje om det. Svar på det sjølv, hahahaha.

Hahaha! Vi går til neste spørsmål:

7. Er det noen forestillinger eller kunstnere som har betydd særlig mye for deg, og hvilke kunstnere finner du spesielt interessante i dag?
Eg blir inspirert av dei eg har rundt meg til ein kvar tid. Eg tiltrekkes av folk som har opplevd mykje, som har gravd djupt og jobba hardt. Det trenger ikkje nødvendigvis vere dansarar. Eg kan drømme meg bort på YouTube og sjå intervjuar med yogaguruar og folk som pratar om alt mogleg og la det synke inn i meg.

Hvis du må nevne noen kunstnere da?
Eg hadde mange fleire idol før, da eg dreiv med fotball. Når det gjeld dans har eg ikkje hatt det på den same måten, men eg har hatt periodar der eg har sett opp til folk. Da eg gjekk på Norges Dansehøyskole såg eg for eksempel masse på Desmond Richardson (ein av solistane i Alvin Ailey American Dance Theater på 80- og 90-tallet, red. anm.).

Eg liker eigentleg betre å danse sjølv enn å sjå på dans. Men eg kan bli blåst overende når eg er på hiphop-jam og opplever den energien som er der, og det at det berre skjer akkurat no og blir borte for alltid, styrker den følelsen. Av og til trur eg at forventingane eg har når eg skal sjå ei forestilling, øydelegger litt for opplevinga. Men det er klart: første gang eg såg Batsheva Dance Company live i Israel blei eg veldig imponert og inspirert, og det same da eg såg Dark Matters med Kidd Pivot/Crystal PiteDansens Hus. Det er ei av dei få forestillingane eg verkeleg har blitt tatt av, først og fremst på grunn av dansinga.


8. Hva er viktig for din kunstneriske utvikling? Blir du for eksempel inspirert av teoretikere og/eller andre kunstuttrykk?
Eg leser veldig lite, men ser mykje film, høyrer på musikk, og likar å lytte til folk som har noko bra å seie, nesten uavhengig av tema eller felt. Litt kvardagsfilosofi, liksom. Av og til tenker eg at eg ikkje må sjå så masse, eg må gjere også. Eg har stort sett alltid bevega meg mykje, og synes at det einaste som er kjedeleg med dansen er at eg må vere inne. Eg har berre vært ute av skolen i tre år, og føler at det ligger mykje informasjon i kroppen og hjernen min som eg ikkje har fordøyd og som treng tid for å forløysas. Eg prøver å ikkje vere opptatt av å prestere, imponere og pushe grensar, men å la ting skje litt av seg sjølv. Etter at eg var ferdig på skulen har eg brukt litt tid på å lande og finne ut korleis eg skal overleve, ha det godt og kva eg skal seie til meg sjølv for å motivere meg. Eg føler at eg lærar meg sjølv å kjenne på nytt kvar dag, og derfor synes eg det er vanskelig å definere meg sjølv.


9. Hvordan kan dansekunsten få et større publikum uten å miste sin kunstneriske integritet?
Det er eit veldig vanskelig spørsmål! Alle jobbar jo knallhardt for å lage forestillingar og vil at publikum skal kome, det er kvart fall det eg brenn for med dansen; det å kunne formidle noko. Men korleis får ein til det? Eg tenkar at folk må ha lyst til å sjå ein forestilling, ein kan ikkje tvinge folk, men me må sørgje for at det blir etterspørsel etter dans. Ein ser jo ofte at publikum er dansarar sjølv, så om ein får fleire til å begynne å danse, kan jo det vere ein måte å gjere det på. Når vi er på turné med ODE har me workshop dei stadane me kjem til, og eg trur verkeleg folk treng ein introduksjon til dans. For det første fordi ein må vite om det for å kunne oppsøke det, og for det andre er det noko med å prøve å danse sjølv, få kjenne det i kroppen og å få ein forståing av kor vanskeleg det er. Me har jo trena for å få det til å sjå lett ut, ikkje sant. Det er viktig å prøve å få folk til å forstå at dans ikkje nødvendigvis har ein retning eller eit mål, slik fotball har, men at det er uendeleg kor mange bevegelsar kroppen kan gjere. Det er jo heilt vilt!

Fleire dansarar som er synlige i media eller i lokalsamfunnet er også noko som kan hjelpe, folk kommer jo for å sjå folk dei kjenner. Kanskje me må formidle at det å sjå ei forestilling også handlar om å møte folk og å sjå kvarandre, og at det er ok å kome på det grunnlaget.


10. Hvis du fikk oppfylt et ønske på vegne av dansekunsten, hva ville det vært?
At fleire dansar! Det er jo mitt eige mål også, som eg snakka om tidlegare. Eg vil vere med på å spreie dansen, sørgje for at fleire blir introdusert for dans, og så vil eg at dansen tas i bruk som eit verktøy for å binde enda fleire folk saman. På tvers av kommunar, fylkar, landegrense og kulturar. Dans utan grenser liksom. Det er jo det det handlar om.


Danseinformasjonens utsendte gjør oppmerksom på at hun har tatt seg visse friheter når det kommer til korrekt nynorsk. Litt på grunn av manglende kunnskap og litt for å yte dialekten til Dag Rune størst mulig rettferdighet.  


Dag Rune er for tiden aktuell i ODE 2016 som er på Norges-turné med Riksteatret frem til 29. april. Se datoer og spillesteder her.


Dag Rune Sjøli ble intervjuet av Ida Gudbrandsen.
Ida Gudbrandsen er utdannet danser fra Spin Off og Den Norske Balletthøgskole (nå Norges Dansehøyskole), og har også studert litteraturvitenskap. Hun jobber som utøver i diverse prosjekter og har over flere år vært en del av Impure Company. Ida er med på å drive MIND THE GAP og ImproFestivalen, og jobber for tiden som vikar i Danseinformasjonen.