Anna Einemo Frøysland Berit Einemo Frøysland Double (trouble) bill - Still & Petra

Multi-bill

Still

© Anna Einemo Frøysland

Still er ein solo der påverknadsforholdet mellom emosjon og bevegelse blir teken i nærare augesyn gjennom dans. Når har bevegelsen startpunkt i ei kjensle og når forheld det seg omvendt, at kjensla bestem kvaliteten på bevegelsen? Er kroppen simpelthen eit middel for kjensler og tankar, eller blir dei først fullbyrda gjennom kroppen? Fins det eigentleg ein overgang mellom kjensle og kropp? Ein kan ogso lure på om all denne grenselausheita til slutt endar opp med å bli intetsigande, eller om det er akkurat her det byrjar å bli interessant.

Still er støtta av Kulturrådet




Medvirkende:
Anna Einemo Frøysland, Koreograf, Danser

Petra

© Berit Einemo Frøysland

Petra er ein solo basert på protagonisten i Rainer Werner Fassbinders ”Die bitteren Tränen der Petra von Kant” (1972). Filmen fortel historia om Petra von Kant, ein suksessfull motedesignar. Då ho forelskar seg i sin yngre protesjé, Karin, forandrar alt seg. Kjærleikssorga driver henne ned i ein avgrunn av desperasjon, alkoholisme og til slutt samanbrot. Koreografien tar utgangspunkt i Petra sine rørsler og den psykologiske reisa ho går i gjennom i filmen, og er eit forsøk i å skape eit danserisk portrett av Petra von Kant.


Medvirkende:
Berit Einemo Frøysland, Koreograf, Danser
Andreas Harder, Lysdesign
Philipp Rhensius, Musikk, Lyddesign
Belle Santos, Kostymer
Anna Leon, Dramaturgisk veileder


Velkommen til arbeidsvisning av "STILL" og "PETRA". Ein dobbelbill med to solar av Anna Einemo Frøysland og Berit Einemo Frøysland 
Vis tidligere forestillinger