Path Created with Sketch.

FRIKAR søker pedagog og produsent i 80% stilling

Foto: Antero Hein.

Det er ledig eit kombinasjonsengasjement på 80% hjå FRIKAR i Valdres frå 08.08.2022. Arbeidsoppgåvene er pedagog i dans og akrobatikk samt produsentarbeid. Den faste undervisninga er lagt til måndagar og tysdagar slik at reising som produsent eller i resterande 20% er mogleg resten av veka. Søknadsfrist er 29. juli.

FRIKAR underviser eigne elevar i lokala våre i Aurdal, samt elevar på Fagernes hjå Nord-Aurdal kulturskule. Med arbeidsmotto «fri deg sjølv» legg me til rette for at barn og unge kan fri seg frå mentale og fysiske barrierer gjennom dans og sirkus. Me dyrkar leiken og den skapande krafta hjå mennesket. Produsentoppgåvene vil bli prioritert inn mot dei Valdres-relaterte oppgåvene våre, blant anna ved planleggje og avvikle residenser, produksjonar og treningssamlingar på arenaen vår. 

Hjå FRIKAR tek du del i eit kraftmiljø for dans i Valdres satt saman av dansekompaniet FRIKAR, talentutviklingsprogrammet FRIKAR X, Fjelldansen koreografiske senter og FRIKAR treningssenter. Me driv også arenaen FRIKAR-SMIA som er spesialtilpassa dans og sirkus. Pedagogen er også ein del av det faglege miljøet i Nord-Aurdal kulturskule. Saman har dansemiljøet i kulturkommune nr 3 i landet stort potensiale for fleire elevar og me søkjer ein engasjert pedagog som har lyst til å vera med å skapa eit inspirerande miljø. 

Hovudoppgåvene pedagog

  • Undervisning i akrobatikk og dans.
  • Fagleg ansvar og engasjement for utviklinga til elevane og dansefaget.
  • Prosjektleiar for framsyningar/prosjekt.

Hovudoppgåvene produsent

  • Førebu og avvikle og etterarbeid på residensar og treningssamlingar.
  • Lokal koordinator av produksjonar. 
  • Filme og fotografere aktivitetar me gjer lokalt. 

Kvalifikasjonar

  • Utdanning frå høgskule/universitet i dans eller sirkus og pedagogikk.
  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg.
  • Førarkort


Personlege eigenskapar vert vektlagt:

  • Vilje til å lære og inkludere ny kunnskap frå dansekompaniet FRIKAR. Dansepedagogen vil bli trena i folkedans, vertikal dans og tøyakrobatikk for å betre kunne samarbeide med andre FRIKAR-prosjekt.  
  • God grunnleggande danseteknikk og har inngåande kunnskap om dans.
  • God fysisk form, formidlingsevne, kreativitet, og musikalsk forståing.
  • Evne til å møte elevane med tillit og varme og underviser på måtar som skapar meistring, motivasjon og glede.
  • Engasjert og kreativ, fleksibel og løysingsorientert.
  • Lagspelar med gode samarbeidsevner, og du er god på relasjonsbygging.
  • Sjølvstendig, systematisk og strukturert og har sterk gjennomføringsevne.
  • Erfaring frå prosjektleiing og  administrativt arbeid.
  • Evne til å tenke stort og framtidsretta.
  • Det blir sett på som positivt om pedagogen vil bu i Valdres og har langsiktige ambisjonar for samarbeidet. 

Me tilbyr

  • Eit inspirerande fagmiljø der du kan delta på samlingar med andre profesjonelle dansarar ti gongar i året (med FRIKAR X), møte residenskunstnarar og kompanimedlemmar. 
  • Gode fascilitetar for dans og sirkus. Hovedsalen er 225 kvm + tribune. 
  • Nord-Aurdal kommune er ei av landets beste kulturkommunar med eit særleg rikt musikk- og festivalliv. 
  • Eit rikt miljø som tek vare på dansen, kunsten og kvarandre.

Les hele stillingsutlysningen på FRIKAR sine nettsider.