Kunsthøgskolen i Oslo har tilsett Snelle Ingrid Hall som dekan ved avdeling dans i ei åremålsstilling for fire år. Snelle Ingrid Hall (49) er utdanna dansar frå Statens balletthøgskole og teatervitar frå UiO. Ho har brei erfaring både som utøvande kunstnar og koreograf, produsent og prosjektleiar i det frie scenekunstfeltet, og har i ei årrekke utvikla framsyningar, mellom anna i kompaniet Siri&Snelle som ho driv saman med Siri Jøntvedt.

Hall har sidan hausten 2015 arbeidd som førsteamanuensis ved avdeling dans der ho særleg har undervist i kunst- og danseteori og koreografiske emne, i tillegg til at ho har vore rettleiar på master og ph.d.-nivå. Ho har også vore leiar av fagleg utval for scenekunst i Norsk kulturråd.

Snelle Ingrid Hall tiltrer stillinga som dekan ved avdeling dans på KHiO 1. august 2019.