Heim til dansekunsten

Foto: Sigrun Drivdal Johnsen / Danseinformasjonen
Sanna Eriksson Ryg er ny daglig leder for Danseinformasjonen. Vi ba dansekunstner Solveig Styve Holte om å ta en prat med henne i den anledning.

Sanna Eriksson Ryg er ny leiar for Danseinformasjonen i Oslo. Ryg kjem til leiarstillinga med både dans- og økonomistudier og med ei brei arbeidserfaring frå kulturadministrasjon og strategisk politisk arbeid. Men korleis vaks interessa for dans fram for Sanna?


Eg var 5 år då eg starta på Kirsti Skullerud danse- og ballettskule på Kolsås, mest fordi bestevenninna mi dansa der. Men skulen vart ei svært viktig ramme i barne- og ungdomstida mi med eit fantastisk dansemiljø og mange inspirerande pedagogar og gjestelærarar, slik som Arne Fagerholt og Robert Hewitt. Dansen vart som kjerna i meg og den staden kor eg kjende meg trygg. Då eg skulle søke vidaregåande valte eg Fagerborg. Eg hadde jo Rud vidaregåande rett ved, men på det tidspunktet ville eg ut av Bærum. Heldigvis er jo Fagerborg ei landsdekkande linje og slik fekk eg ei utruleg fin tid med klassekameratar frå heile landet. Etter vidaregåande flytta eg til London for å studere på Trinity Laban. Det var verkeleg ein overgang, for der fekk vi dekonstruert alt vi kunne om kroppen og dansen. Heile første semester handla berre på å strippe ned alt vi kunne og starte på nytt. Dansefaga hadde stor variasjon, der var det alt frå streng ballett, til Graham- og Cunninghamteknikk og andre stilar. Det opna ein inngang til dans som var så mykje meir enn det eg alt kjende til. Til dømes hadde eg ikkje trudd eg kunne improvisere, for det gjorde eg ikkje på Fagerborg, men då eg fekk prøve det synest eg det var noko av det beste i verda. Særskild å improvisere utandørs i det offentlege rom. Etter studia prøvde eg meg som frilansar ei stund, men det synest eg var tungt rett og slett. Så då vart det økonomistudiar ved Oslo Met, men heldigvis fekk eg dansa heile vegen gjennom studie og hatt det som ein deltidsjobb.

Så gøy med økonomistudie!

Nei, det var ikkje så veldig gøy!

Men du fullførte?

Ja, eg fullfører stort sett det eg held på med.

Ja, det er vel ein del av danse-genet å gjere nettopp det?

Ja, eg trur ein får ganske god disiplin. Og staheit.

Det skal seiast at det var gøy òg, særskild likte eg organisasjonsteori og makroøkonomi, men det vart ikkje meir spennande enn dans. Etter studie starta eg som økonomirådgjevar i Kultureininga i Kristiansund kommune og gjennom styreverv ved Operaen i Kristiansund leda eg utredninga av Dansekraft som er eit regionalt kompetansesenter i Møre og Romsdal. Eg har også hatt oppdrag som dansar i Kirkenes og Hammerfest og slik fått noko kunnskap om korleis det er å arbeide utanfor Oslo.


Kvifor ville du bli leiar av Danseinformasjonen?

Eg ville heim til dansen rett og slett. Sjølv om det var gøy å arbeide med dei breie kulturpolitiske linjene, har kjærleiken til dansefeltet vore det som sit heilt innerst. Då stillinga kom kjendest det riktig å søke. Danseinformasjonen er ein utruleg fin kunnskapsorganisasjon, viktig kulturpolitisk aktør for dansefeltet i Norge og ein viktig møteplass- noko eg ynskjer vi skal vere endå meir. Eg vil gjerne gi dansen den plassen den fortener. Den er på eit vis ei veslesøster både i politikken, finansieringsordningane og i tilboda til publikum, noko som er utruleg rart for meg sidan det verker til å vere eit sterkt ynskje hjå folk å sjå dans og bruke dansefeltet sine tilbod. Vi treng difor ei meir solid og trygg finansiering av dansefeltet framover og få meir merksemd i det offentlege for alt det vi som felt skapar.


Korleis vurderer du stillinga og potensiale til dansefeltet i dag?

Dansefeltet har ein enorm mengde kompetente menneske med kjærleik til faget og den forma for uttrykk dansen er, og dette er ein styrke i seg sjølv. Dansen har likevel eit stort potensiale. Eg synest infrastrukturen for dans er i ferd med å byggje seg opp meir og meir, med alle organisasjonane som løfter dansen regionalt og nasjonalt. Det finnest fleire som vel å satse ute i distriktet, anten ved å flytte heim eller flytte til ein ny stad og det skal vere mogleg å leve som dansekunstnar også utanfor Oslo, Bergen eller Trondheim. Kulturpolitisk verkar det som no er det dansens tur innanfor det politiske arbeidet, og det er ein sjanse vi må gripe med begge hender. Som institusjonar må vi snakke med ei felles stemme om kvifor det er viktig å satse på dansen og kva som trengs å gjerast framover.


Kva meiner du er feltets største utfordring då? Akkurat no?

Ei utfordring er jo at feltet framleis er ganske skjørt både som fagfelt og inn mot offentlege tilskotsordningar. Ein brannfakkel for meg er at vi framleis slit med å sjå ueinigheit som ein styrke og våge og ta ein skikkeleg diskusjon. Det er ikkje meininga at vi skal vere like i sjanger, bakgrunn, verdiar, tankesett eller arbeidsmetode. Eg synes vi skal kunne diskutere og vere einige i å vere ueinige og øve oss på det. For det er viktig for utviklinga vår som fag og felt.


Kva er interessa di for dansehistorier?

Akkurat no les eg i «Bevegelser» boka og forstår kor lite eg kan om norsk dansehistorie. Då vi hadde dansehistorie på vidaregåande var ikkje det så engasjerande, det vart mest å lese i ei bok. Medan på Laban fekk vi lært materiale frå 60-70 talet og det gav ei anna forståing sidan det fysisk sette seg i kroppen og pedagogane snakka kring kvifor materiale var som det var, deira eiga historie og erfaringar. Plutseleg fekk vi sett samanhengar på korleis ting hadde utvikla seg og ta stilling til det. Kvifor noko som var radikalt i Judson Church rørsla, i dag kanskje ikkje kjendest så radikalt, kor ulikt den same koreografien no kunne opplevast. Eg trur korleis ein underviser dansehistorie på til danseelevar er veldig viktig for interessa


Kva tenkjer du er Danseinformasjonen si viktigaste oppgåve?

Det er ikkje så lett å seie etter berre ei veke i jobben. Det er viktig at vi held oppe og vidareutviklar kapasiteten til Dansearkivet, som er ei av våre fremste oppgåver som nasjonalt kompetansesenter. Elles må vi arbeide inn mot politikarar både her i Oslo og nasjonalt – at vi fortel kva dansen betyr for folk i Norge, både for dansekunstnarane, publikum og for barn- og unge utøvarar. Vi må formidle at dansekunsten har ein eigenverdi og kva deler av samfunnet dansen verkeleg kan bidra til å styrke og løfte. Elles har vi akkurat fått på plass ei tiårskontrakt på Scenehuset og då kan vi halde fram å leie ut til gode prisar og halde på det gode arbeids- og visingsrommet som det huset er. Elles skal vi halde fram med å formidle, framheve og tydeleggjere enkeltkunstnarar, grupper og fellesskapet feltet er.

Innleiingsvis snakka du om korleis Danseinformasjonen kan vere ein møteplass, kan du seie noko meir om det?

Det var ei herleg oppleving å vere med på utdelinga av Æresprisen til Collage for 2025 på Dansens Hus. Å kunne stå heilt bakerst og sjå så mange frå feltet samla og høyre alle diskusjonane som gjekk i rommet. Som dansekunstnar arbeider ein så mykje åleine, så slike stadar der vi samlast, feirar og heier på kvarandre er viktige. Lyttefesten på ny dansepodcast her på Danseinformasjonen var også veldig hyggeleg (DANS PLUSSPLUSS av Rina Rosenqvist) med 20-30 menneske som kom saman og lytta og diskuterte. Eg vil at Danseinformasjonen skal vere ein stad kollegaer møtes, der vi kan skape både dei store møteplassane for å løfte og feire feltets innsats og dei meir uformelle settingane der dansekunstnarane vil kome saman, på lyttefest, eller sjå film. Eg vil oppfordre feltet til å bruke Danseinformasjonen til det dei treng. Til å kome og vere og lære. Det er mykje kunnskap og erfaring i veggane og menneska her.


Pil til toppen