Dansepedagog Patricia Langeland mottok Kongens Fortjenstmedalje

Patricia Langeland mottar Kongens Fortjenstmedalje. Foto: Camilla Kvamme, Os & Fusaposten.
Patricia Langeland mottar Kongens Fortjenstmedalje. Foto: Camilla Kvamme, Os & Fusaposten.
Mangeårig dansepedagog, Patricia Langeland mottok fredag den 13. juni Kongens Fortjenstmedalje.

Langeland, som er født i Chile i 1965, og kom til Norge som FN-flyktning i 1988, får medaljen for mange års arbeid og engasjement for barn og unge i Os, nå Bjørnafjorden kommune.

Patricia hadde universitetsutdanning som dansepedagog fra Chile, og har benyttet seg denne kunnskapen, og etter hvert erfaringen, til glede for flere tusen barn og unge i kommunen, heter det i søknaden.

Dette seier kollegaer og andre om Patricia Langeland:

I søknaden er det også hentet inn kommentarer fra folk som har jobba tett på Patricia gjennom de mer enn 30 årene hun har hatt virke sitt i kommunen:

Malin Nøss Vangsnes-Weaver, tidligare elev og dansepedagog:
“Patricia er ein person som har sett sitt merke på samfunnet i Bjørnafjorden (tidligere Os) i over tre tiår. Ho er mest kjent som danselærar, og alle veit kven ho er – anten fordi dei sjølv har vore innom dansegolvet, fordi dei har sett nokon av framsyningane ho set opp med elevane i kulturskolen, eller fordi dei kjenner nokon som går eller har gått hos ho. Det er i det heile vanskeleg å setja ord på kor mykje Patricia har betydd for meg, og for så mange andre. Ho viser alle barn same merksemd, same omtanke og omsorg, og er kort og godt ein rollemodell vi alle treng i liva våre.»

Mette Samdal, tidlegare leiar for Os musikkskule:
“Patricia hadde ikkje vore lenge i Os før ho deltok med ekspertisen sin i barnehagar, skular, SFO, lagslivet, kyrkjelyden og sikkert fleire andre arenaer. I byrjinga av 1990-talet starta ho i Os musikkskule. Frå 1993 utvikla det seg til å bli dans og drama med Patricia som instruktør. Det vart fort eit svært populært tiltak, og pågangen av elevar var stor, med til dels lange ventelister. Elevane hennar utgjorde etter kvart den største elevgruppa i musikk- og kulturskulen, og vi andre hadde litt dårleg samvit når Patricia hadde bortimot 200 elevar i eit stort aldersspenn. Men ho klagde ikkje. Patricia var glad i ungane sine og dei var svært glade i henne. Ho såg den enkelte elev – spesielt dei som trong litt ekstra merksemd eller var litt annleis kroppsleg enn idealet. Mangt eit ungt – og no kanskje vakse menneske – har mykje å takka Patricia for! Patricia er eit unikum – eit sjeldant fint og klokt menneske!”

Les hele saken i Os & Fusaposten.

Patricia Langeland. Foto: Camilla Kvamme og Kenneth Svenningsen, Os & Fusaposten.


Pil til toppen