Silje Onstad Hålien er Dansens Dager-ambassadør 2025

Årets Dansens Dager-ambassadør er Silje Onstad Hålien
Endeleg norsk folkedans! Og endeleg Silje Onstad Hålien! Me har gledd oss lenge til å offentleggjera årets ambassadør, og er svært stolte av å kunne presentere Silje som Dansens Dager-ambassadør 2025.

Silje har vore i gamet lenge. Ho vart utdanna frå Norges Dansehøyskole i 2007 og har sidan den gongen jobba som dansar og koreograf både nasjonalt og internasjonalt. Folkedansen har vore med Silje sidan oppveksten, med både mor, onkel og bestefar som dansa og spelte. Allereie på vidaregåande starta ho prosessen med å utforske folkedans som scenisk dans og kunstnarisk uttrykk.

Eg er oppteken av det nære, det som forankrar oss, av individualitet i det kollektive – alt dette finn eg i folkedans.

Foto: Frederick Kiele

Tradisjon og nyskapning hand i hand

I sitt kunstnariske virke bruker Silje folkedansen og folkemusikken i eit moderne uttrykk, og ho har ei eiga evne til å kombinera tradisjon med fornying. Ho skaper rom der publikum blir drege inn i den leikne og kraftfulle estetikken, samt det slåande samspelet mellom musikk og dans. For Silje står mellommenneskelege kjensler, tilstandar og overgangar sentralt i det skapande arbeidet. Ein kan i stor grad kjenne på spenningsfeltet mellom dansen og den levande musikken i hennes koreografiske verk.

Ein kjerneverdi i hallingen er å finne eit indre trykk i samspel med musikken, kanalisere denne energien ut i små eksplosjonar og utbrudd, for så å fange energien og lade opp på ny.

I dag er Silje kunstnarisk leiar for Mamelukk dansekompani, eit kompani beståande av kvinnelege hallingdansarar. Å utvikla folkedansen generelt, og hallingen spesielt, for kvinnelege dansarar har vore eit gjennomgåande tema i Siljes kunstnarskap. Korleis uttrykkja seg som kvinne gjennom ein dans som har vore utvikla ut frå menn sine premissar, er eit tema som opptek henne.

Silje har blitt kåra til Årets folkemusikar og er også, som første kvinne i Noreg, kvalifisert til Eliteklassen i Hallingdans.

Som Dansens Dager-ambassadør har Silje koreografert ein dans som er fysisk, leiken og engasjerande! Årets dans slippes 1. februar som del av festivalen DANS, DANS, DANS på Riksscenen.

Bilde av Dansens Dager-ambassadør Silje Onstad Hålien
Foto: Sigrun Drivdal Johnsen / Danseinformasjonen

Danseinformasjonen er nasjonal koordinator for Dansens Dager og daglig leder Sigrid Ø. Svendal er veldig glad for at Silje Onstad Hålien er årets Dansens Dager-ambassadør: 

Det er en stor glede for oss i Danseinformasjonen at Silje Onstad Hålien er årets Dansens Dager-ambassadør. Silje har en kraft, en energi og en integritet i alt hun gjør. Folkedansen, i samspill med folkemusikken, tar tak inni oss og drar oss med. Vi er klare – og håper på en folkedansbølge med årets Dansens Dager-dans.

Silje Onstad Hålien

  • Dansekunstnar, koreograf og pedagog
  • Født i 1984, opprinneleg frå Valdres, bur i Oslo
  • Utdanna frå Norges Dansehøyskole og Dance New Amsterdam i New York
  • Kunstnerisk leiar for Mamelukk dansekompani 
  • Silje er Norges fyrste kvinnelege hallingdansar kvalifisert for A-klassa/eliteklassa.
  • Skapar og dansar i eigne forestillingar som turnérar inn- og utland; Livmødre med Mamelukk, The Dancers´ Brew med Mamelukk/Alehouse Sessions, Òme, Sykkeli Lykkeli og Dei gamle er eldst.  
  • Silje har koreografert og hatt regi på fleire store forestillingar som Nyttårskonsert i Innlandet, Meisterkonsert i Operaen og koreografi på Peer Gynt på Gålå. 
  • Har spelt over 500 DKS-forestillingar over heile Norge! 
  • Vart Årets Folkemusiker i 2015, ansatt i Skuespiller- og danseralliansen sidan 2015, og kunstnerisk leiar for Fargespill Oslo i 2020-21

Dansens Dager 2025 – 25. til 29. april

Dansens Dag ble opprettet av UNESCO i 1982. Målet er å løfte frem og synliggjøre dansekunst og betydningen dans kan ha både for et samfunn og for enkeltindividet. Feiringen foregår i mer enn 60 land og har en inkluderende og forenende ramme. Danseinformasjonen er nasjonal koordinator for feiringen og alle er velkomne til å delta.

Les mer på dansendager.no og følg Dansens Dager på Facebook og Instagram


Pil til toppen