Path Created with Sketch.

Kultur-hva-for-noe?

Norsk kulturråd
Er du i kontakt med et eller annet statlig som har med kultur å gjøre? Har du fått tilskudd og skal kreditere med rett logo på plakaten? Blander du hvem som er hva? Her er en oversikt som kan hende gjør deg litt klokere.

Kulturrådet

Kulturrådets logo

Kulturrådet er eit uavhengig organ med ti medlemmer oppnemnd av Kongen etter tilråding av Kultur- og likestillingsdepartementet. Grunnlaget er medlemmanes kunst- og kulturfaglege kompetanse og medlemmane bytast ut regelmessig. Kulturrådet fordel midla i Norsk kulturfond og er rådgjevar for staten i kulturspørsmål. Kulturrådet har ei rekke fagutval med kunstnarar og kulturarbeidarar, som fastsett kven som skal motta tilskot.

Norsk kulturfond 

Kulturrådets logo

Norsk kulturfond er pengane Kulturrådet rår over. Beløpet vert kvart år tildelt frå Stortinget etter forslag frå regjeringa. I 2024 er Norsk kulturfond på rett over 1 milliard kroner. Om du får tilskot frå Norsk kulturfond er det Kulturrådet som har løyvd dei til deg og det er Kulturrådets namn og logo du skal bruke ved kreditering.  

Fond for lyd og bilete

Logo FLB

Fond for lyd og bilete (Fond for lyd og bilde på bokmål) er eit uavhengig organ med eit styre på sju medlemmer oppnemnd av Kultur- og likestillingsdepartementet. Det er ein styreleiar utan bindingar til roller og seks styremedlemmer som representerer opphavarar, utøvarar og produsentar. Styret har fleire fagutval som er med på å fordele midla. Utgangspunktet for fondet er at det skal gjevast kompensasjon for lovleg kopiering av åndsverk. Stortinget set kvart år rammene for fondet etter forslag frå regjeringa og er i 2024 på 52 mill kr.  

Statens kunstnarstipend

Logo SKS

Statens kunstnarstipend  (Statens kunsterstipend på bokmål) er eit uavhengig organ med eit utval med fem medlemmer oppnemnd av Kultur- og likestillingsdepartementet. Utvalet fordel stipendhjemlar til 23 ulike sakkundige stipendkomitear oppnemnd av kunstnarorganisasjonar.  Det er mogleg å søkje på ulike typar av stipend med frist 15. oktober i 2024. Stortinget set kvart år rammene for stipend etter forslag frå regjeringa og er i 2024 på i underkant av ein halv milliard kroner.  

Kulturdirektoratet

Logo Kulturdirektoratet

Kulturdirektoratet er ein underliggande etat av Kultur- og likestillingsdepartementet som forvaltar ulike statlege ordningar på departementets vegner og gir råd og kunnskap til departementet. Kulturdirektoratet er sekretariat for Kulturrådet, Statens kunstnarstipend og Fond for lyd og bilete, som alle gir tilskot på armlengds avstand frå styresmaktene. Kunnskap og analyse av kunst og kultur, eit nasjonalt ansvar for auka mangfald, vurdering av søknadar frå institusjonar og organisasjonar om statstilskot, utvikling av museum, innovasjon og internasjonalt samarbeid er oppgåver lagt til Kulturdirektoratet. Kulturdirektoratet har i underkant av 150 tilsette og har kontorer i Oslo, Bodø og Trondheim. 

Her kan du laste ned logoer for Kulturdirektoratet, Kulturrådet, Fond for lyd og bilde, Statens kunstnerstipend, EUs kulturprogram og EØS-midlene.

Les mer på Kulturdirektoratet sine sider.