Path Created with Sketch.

Opprop: Fortsett med dans- og dramalinja ved Firda vgs

Firda vgs
Administrasjonen i Vestland foreslår å fjerne tilbodet om drama og dans ved Firda vgs frå hausten 2024. Dette vil vere dramatisk for tilbodet ved skulen, for kompetansemiljøet og ikkje minst for elevane i fylket!

Skulle dette bli vedteke av politikarane 18.04., vil elevane ikkje ha anna tilbod om vidaregåande opplæring med drama og dans nokon annan stad enn i Bergen. Samstundes vil kompetansearbeidaplassar forsvinne, og kulturlivet i heile fylket vil misse ein stor ressurs.

Vi som skriv under dette oppropet meinar at Vestland fylke skal ha eit godt, variert og fagleg sterkt tilbod innan kulturfaga i alle delar av fylket. Vi vil at politikarane skal sjå, slik vi gjer, at tilbodet ved Firda vgs slik det er i dag er med på å sikre livskvalitet og bulyst i heile fylket, til å styrke mangfaldet, og til å gje oss ein rikare kvardag midt i verda!

Oppropet kan signeres her.