Path Created with Sketch.

«TOYBOYS og boytoys» av Jonas Øren

Jonas Øren.
Jonas Øren.
TOYBOYS er så mykje meir enn berre gutar som leikar, sjølv om både leik og moro sette sitt preg på kompaniet. Her i Noreg har denne tolv år lange kunstnarskapen vore med på å tydeleggjere sambandet mellom scenekunst og skeive strategiar, og har alltid handla om representasjon og sjølvbekrefting, motstand, generøsitet og om å la livsstil, seksualitet og kunst få smelte saman.

I år (2023) er det ti år sidan Terje Tjøme Mossige og Ulf Nilseng slutta sitt kunstnariske samarbeid i kompaniet TOYBOYS. Og sidan den gongen har det vore ganske stille dei to imellom, sjølv om dei begge på kvar sin kant har vore tydelege i scenekunst- og dansefeltet. Det var i 2002, då dei delte studio på residens i København for å arbeide fram kvar sin solo, at TOYBOYS vart til. Dei to soloane som smelta saman til ein duett resulterte i eit elleve år langt prosjekt og til saman ti førestillingar, fleire turnéar til Sør-Amerika og kanskje scenekunst-Noregs lengste og mest omtalte kyss. 15. desember 2022 møter eg dei to på biblioteket til Danseinformasjonen. Dette er første gongen dei to lar seg intervjue saman for å snakke om TOYBOYS i retrospekt. Denne teksten er eit samandrag av dette intervjuet, i tillegg til at eg drar parallellar mellom skeiv diskurs, skeive strategiar og deira kunstnarskap.

Toyboys
Terje Tjøme Mossige og Ulf Nilseng ble intervjuet av Jonas Øren i biblioteket på Danseinformasjonen. Foto: Jonas Øren.


We’re here …

Terje kjem inn døra først. Han kjem rett i frå ei lang improvisasjonsøkt med dansekollega Sebastian Biong, der dei to var timesvis i eit iskaldt studio på Hausmania. Han går og et samtidig, og fortel at han nesten aldri har vore så travel som nå. 2023 vil gå i ett, så jeg må bare takke, nikke og bukke for at jeg får muligheten. Jeg kan og vil ikke noe annet, fordi jeg har et bevegelig formuleringsbehov, så det er bare å jobbe på, seier han. I skrivande stund er Terje 61 år gammal (født 6. juni 1961). På 90- og 2000-talet var Terje ein av dei dansarane som ein kunne sjå mest på scena i det frie feltet, og her som meir eller mindre fast inventar i produksjonar av blant anna Ingun Bjørnsgaard og Ina Christel Johannessen. I tillegg til å vere ein stordom innanfor dansekunsten i Noreg, er han altså eit levande bevis på at ein kan leve som utøvande dansar gjennom eit heilt arbeidsliv.

Før Ulf kjem spør eg Terje om han i løpet av karrieren pre-TOYBOYS kjente på at han måtte justere kroppsspråk eller handlingsmønster for å passe inn; om han følte at rollene og oppgåvene han tok på seg i dansearbeidet gjekk i strid med eigne idear om identitet og veremåte. Til dette svarer han at han følte seg veldig heime i både uttrykket og materialet som vart gitt han. Han beskriv Bjørnsgaards danseriske univers som fristader der han fekk uttrykke det han sjølv vil beskrive som skeivt, sært og udefinerbart. Terje seier at han oppfatta samarbeidet med Johannessen som fritt utan begrensingar, og at han hadde frie tøylar. Det var jo oss danserene som kom med alt det danseriske materialet. Vi hadde frihet til å improvisere. Jeg fikk sitte der halvnaken, med en svær brødkniv i hånda, bare ikledd en lang regnfrakk og fekte rundt som en som måtte få ut «greia si». Denne karakteren var tydelig skeiv og jeg blottla både det inn- og utvendige. Heine Røsdal Avdal og jeg gjorde en tett, likekjønna duett i et annet arbeid. Jeg kjente aldri at jeg måtte gå på kompromiss med meg selv. Han stiller seg likevel spørsmål til kvifor dei ikkje etterlyste fleire likekjønna duettar. Vi bare ble med på tralten man vart vant til å operere innenfor, og så fikk vi jo dansa homoduettene på London Pub etter prøver og forestillinger, ler Terje.

Endelig kommer dronninga, seier Terje når Ulf kjem inn døra. Også han er booked and busy, med fleire prosjekt på agendaen der han fungerer som utøvar i sine eigne og andre sine produksjonar. Ulf er i skrivande stund 59 år gammal (født 9. april 1963) og også han er slik eit skinnande eksempel på å kunne leve eit langt danseliv. Her insiterer han på å få tilføre det androgyne og flytande som utøvar, noko han leita etter heilt sidan han var nyutdanna ved Statens Balletthøgskule i 1995. Produksjonane til både Jon Tombre og seinare Eva-Cecilie Richardsen i Kreutzerkompaniet var førande for denne tilgangen. I tillegg til samarbeidet med Terje i TOYBOYS trakk han fram Tombre og Richardsen i talen då han i 2022 tok i mot Danseinformasjonens ærespris. I intervjuet eg gjorde med han i samband med prisutdelinga1 snakka han mykje om å ikkje kjenne seg heime i forventingane til korleis eit menneske med mannekropp skulle fungere, handle og vere kjønna i dansestudioa og på scena. Dette har han i hovudsak unngått på sin veg i dansen.

Toyboys
Terje Tjøme Mossige og Ulf Nilseng i «Moment of Limitations» (2012). Foto: Trine + Kim Designstudio/Dansens Hus.


… we’re queer …

Eg spør dei kort om deira ulike erfaringar og opplevingar av kjønna roller og korleis dei i ettertid har reflektert rundt dette. Terje fortel at dansen i seg sjølv var eit stort nok brot med verkelegheita og at ein dansande kropp for han baud på noko som i seg sjølv var flytande. Jeg ville og vil ha muligheten til å både være maskulin og feminin på scenen og i hverdagen – både kjenne meg som en tømmerhogger og ei smekker frøken, ler han. I dansen får man den muligheten fordi man kan skape disse følelsene i det man gjør. For Ulf var og er det annleis. Dansen skaper eit moglegheitsrom til å ikkje måtte vere det eine eller andre, men heller berre vere som ein er. Dette hadde kanskje noe med forventningene knyttet til prestasjoner å gjøre, da man som mann skulle prestere annerledes enn kvinner, og visa versa, seier Ulf. Behovet som dei begge uttrykker, og som handlar om den kroppslege og emosjonelle forvandlingskrafta dansekunstnaren får tilgang til, er det TOYBOYS bygger på. Utopiane skapast i scenerommet, og å kunne vere akkurat den ein vil er ein utopi, noko performance-teoretikar José Esteban Muñoz reflekterer rundt i boka Cruising Utopia: « … queerness exists for us as an ideality that can be distilled from the past and used to imagine a future. The future is queerness’s domain. Queerness is a structuring and educated mode of desiring that allows us to see and feel beyond the quagmire of the present».2 

Før vi sett ordentleg i gong med intervjuet pratar Terje og Ulf om laust og fast, familie og venner, om Cuba – der dei begge har partnarane sine – og om jobb. Møtet dei to i mellom får meg til å tenke på mellommenneskelege relasjonar der sambandet får lov til å vere tidlaust og trygt. Der ein uavhengig av tid og stad har noko å falle tilbake på og der alt liksom berre stemmer. Stramme relasjonar utan blodsband er essensielt i det skeive og i skeiv livsstil. Utanforskap – som kan ha mange former – gjer at menneske finn kvarandre gjennom felles søken etter fellesskap. «The fiction of identity is one that is accessed with relative ease by most majoritarian subjects. Minoritarian subjects need to interface with different subcultural fields to activate their own senses of self3, skriv Muñoz i boka Disidentifications – Queers of Color and the Performance of Politics. Sitatet «we have to make our own chosen families families») frå den skeive kultfilmen Paris is Burning av Jennie Livingston, seier noko tilsvarande.

Verdas mest kjende dragartist Rupaul seier det same når hen lager fengande og skeiv sosialpornografi i fjernsynsuksessen Rupaul’s Drag Race. Fellesskap tar like mange former og er like plastisk som utanforskap. Dei er uløyseleg bunde i det skeive og subkulturelle. Kanskje det var kjensla av dansarisk utanforskap som gjorde at Ulf og Terje skulle finne kvarandre, og som igjen resulterte i TOYBOYS.

Et plutselig grønt felt av Un-Magritt Nordseth
Plakaten til Et plutselig grønt felt av Un-Magritt Nordseth henger i biblioteket på Danseinformasjonen.


… get used to it!

Jonas Øren: Dere møttes for første gong danserisk i produksjonen «Et plutselig grønt felt» (1998) av koreograf Un-Magritt Nordseth. Kva gjorde at dere fekk ein så god kontakt her og at dere fant kvarandre i dansen?

Terje Tjøme Mossige: Nå begynner jeg å grine med en gang her, (Terje startar å grine) fordi det var så fantastisk.

Ulf Nilseng: Ja, det var en helt spesiell kontakt oss i mellom og en umiddelbar kroppslig respekt og forståelse. Det skjedde momentant.

TTM: Jeg hadde aldri opplevd en lignende gjenklang eller respons sammen med noen andre tidligere.

(Terje fortsett å grine og ber om tørkepapir, Ulf skrattler og eg spring for å hente Kleenex).

TTM: Med gjenklang mener jeg at vi forstod hverandre på en helt annen måte enn de andre vi danset med. Kjemien stemte så til de grader på gulvet – både idémessig og kroppslig. I de improvisatoriske møtene opplevde jeg plutselig helt nye ting med Ulf enn med de «streite» danserne. Om jeg skal være litt flåsete kan jeg jo si at jeg var litt lei av å løfte på alle disse damene, men så viste det seg at jeg da skulle løfte på den største kjerringa av de alle fremover – haha.

(Begge ler, og det blir litt stille før vi fortsett).

JØ: Det er godt at eit sånt møte framleis kan sitje i kroppen.

UN: Det er det, og det har det gjort helt siden vi skapte duetten i Et plutselig grønt felt av Un-Magritt. I dette stykket snakket vi ikke om å lage skeiv dansekunst eller representerte noe skeivt eller noe som handlet om utenforskap. For oss ble det å danse sammen med en annen mann verdifullt.

TTM: Dette var en lang duett som fikk fram en spesiell form for sårbarhet. Vi sang, løfta og dro på hverandre, og jeg vil si at det var ganske tydelig at uttrykket oss to i mellom ble skeivt, selv om dette ikke var uttalt. Det var det konkrete møtet mellom Ulf og meg som helt naturlig bare ble som det ble.

UN: Som et resultat av dette møtet forstod vi at vi måtte fortsette på en eller annen måte. Og det gjorde vi jo, heldigvis! Det var Cathe Sjøblom som sa det først: Kan dere ikke etablere et dansekompani?! Hun fungerte som produsenten vår helt frem til siste forestilling. Vi var tydelige fra første stund og sa we’re here, we’re queer, get used to it. Dette ble brukt både som mantra og en slags underliggende ideologi. Og som et statement ble det selvsagt med i flere produksjoner. Tydelighet og å være direkte og uttalte rundt seksualitet og skeiv livsstil var viktig for oss, noe som skilte oss fra andre dansekunstnere på den tiden, og som også virket provoserende på enkelte produsenter og teaterhus.

JØ: Kven var det som arbeida med noko tilsvarande på den tida eller før dere?

UN: Steffi Lund har vært en viktig, tydelig og ikke minst insisterende aktør gjennom hele sin karriere. Produksjonene Menn Danser kan man heller ikke unngå å nevne. Men den dansekunsteren jeg husker først var Arne Johan Hegdahl som gjorde en soloforestilling i en kjole. Denne ble dessverre slaktet og latterliggjort av kritikerne. Arne Johan var tydeligvis forut for sin tid.

Toyboys
Terje Tjøme Mossige og Ulf Nilseng i While we are sleeping (2002).


Provokasjon og formidling

I starten av milleniet får Terje og Ulf kvart sitt tilskot frå Kulturrådet, noko som altså tek dei til København der dei står og knotar med kvar sin solo på kvar sin kant i studioet. I si beskriving av dette scenarioet blir dei trekte mot kvarandre. Dette resulterer i førestillinga While we are sleeping (2002) som vart vist i eit lokale i Københavngata. Allereie her skaper dei kontekst rundt førestillinga i form av publikumsinteraksjon, fotoutstilling og eit videoverk. Publikum fekk sitje på korsstingsbroderte puter, medan Ulf og Terje blant anna rørte seg framover mot dei over eit lengre tidsstrekk. Slik vart detaljane ved rørslene og det kroppslege uttrykket tydlegare for publikum etter kvart som dei kom nærare. Det ukjende transformerast til noko tilgjengeleg og kanskje også ufarleg. Nærleik og å dra publikum med seg inn er noko som har vore med på å definere kunstnarisk ambisjon og mang ein sekvens i repertoaret til TOYBOYS – om det så er gjennom å krype under publikumsseta, å vere nakne, partnararbeid der Ulf dansar oppå magen til Terje eller gjennom eit 4 minuttar langt tungekyss. Både risiko og det som på fransk kallast risqué [dristig] var viktige element i overføringa av skeiv livsstil via scenekunsten.

Førestillinga The man at the tramstop (2008) var på Riksteaterturné til krikar og krokar i Noreg i 2011, og både på gaysir.no og i mang ei lokalavis var biletet av dei to som kyssar. «Her kysser Terje og Ulf», var overskrifta i Gudbrandsdølen Dagningen. «I går kveld var det knappe 40 interesserte som valgte å bli låst inne i storsalen på Gjøvik kino sammen med de erfarne danserne … «we’re here, we’re queer» er på mange måter slagordet for forestillingen, men selv om forestillingen har en god del skeive elementer, handler den om å føle seg annerledes og å blottstille seg for den andre» skreiv kulturanmeldar Frode Hermanrud i avisa Rampa, ved sidan av eit kjempebilete av det han beskriv som «kanskje det lengste teaterkysset som noen gang er produsert på en norsk teaterscene». Sjølv om Hermanrud er flåsete når han skriv at publikum vart innelåst med tvang, er det fint at han og samtlege andre aviser i Noreg skreiv om TOYBOYS sin ambisjon om å gjere det skeive begripeleg og tilgjengeleg. The man at the tramstop tok for seg diktet Mannen på holdeplassen av Alf Prøysen, og korleis dette diktet avslørte den folkekjære poeten som bifil. Diktet er altså eit bilete på korleis det skeive har vore gøymt, og er med på å gi både humor og sårbarheit til dette ekstra laget i eit stykke kulturarv som så mange kjenner til.

Intervju med Ulf Nilseng. Toyboys
Ulf Nilseng og Terje Tjøme Mossige i The man at the tramstop (2008). Foto: Morten Holm, Scanpix.


JØ: Å skape diskurs og dekode satte mønster og tankesett i samfunnet er viktige skeive strategier. Korleis har dere arbeida med dette ved sidan av å lage førestillingar?

TTM: Vi var alltid opptatt av å skape diskurs rundt forestillingene og tematekkene vi arbeidet med, og jeg vil si at vi i 2002 var ganske tidlig ute med dette. I dag er dette mye vanligere.

UN: I 2008 arrangerte vi en slags Queer-festival med diskursprogram, foredrag, samtale og performance på Dansens Hus knyttet til norgespremieren på The man at the tramstop i samarbeid med blant andre Senter for tverrfaglig kjønnsforskning ved Universitetet i Oslo, Per Roar Thorsnes og performancekunstnerne Die Prinzessin Hans og Lord Loveaduck fra Berlin. I sammenheng med forestillingen Hanged Puff (2013) arrangerte vi en panelsamtale om hva som definerer skeiv kunst. Dette er bare noen eksempler, og vi har både i Norge og på turnéene våre til Mexico og Cuba vært opptatt av å løfte arbeidet ut fra scenerommet.

I boka History of Sexuality skriv Michel Foucault om sambandet mellom diskurs og makt – eit verktøy som er essensiell for minoritetar og marginaliserte grupper. Dette seier mykje om korleis diskurs og formidling innanfor skeiv subkultur, og ikkje minst innanfor skeive kunstuttrykk, lenge har vore viktig og slik blitt ein integrert del av kunstnarpraksis og framføring. Slik koplast tankane til Foucault seg på korleis diskurs er vesentleg for ideane om utopien Muñoz føreslår, fordi diskurs kan endre korleis vi forstår fortid, samtid og framtid.  Foucault skriv: «[I]t is in discourse that power and knowledge are joined together … [W]e must not imagine a world of discourse divided between accepted discourse and excluded discourse, or between dominant discourse and the dominated one … We must make allowance for the complex and unstable process whereby discourse can be both an instrument and an effect of power, but also a hinderance, a stumbling block, a point of resistance and a starting point for an opposing strategy. Discourse transmits and produces power; it reinforces it, but also undermines and exposes it …»4.

Toyboys
Terje Tjøme Mossige og Ulf Nilseng i Hanged Puff. Foto: Kim Sølve/Trine + Kim Designstudio/Dansens Hus.


Motstand og livsstil, livsstil og motstand

Apropos skinnjakke og boots (den uttalt skeive og homoseksuelle Michel Foucault er kjend for å gå med skinnjakke), det tek ikkje lang tid i samtalen vår før Terje nemner motstanden TOYBOYS møtte i frå enkelte i scenekunstfeltet.

TTM: Flere institusjoner ville ikke programmere oss fordi vi var uttalt homofile og arbeidet med eksplisitte skeive prosjekter. Det var helt tydelig at det var en motstand der fordi det var Ulf og meg og fordi vi er det vi er. Verken vi eller kunsten vår ble sett på som seriøs eller alvorlig nok. Når jeg tenker på det i dag skulle jeg ønske at vi hadde konfrontert de det gjaldt, men det turte vi vel ikke å gjøre. Vi var jo gode utøvere med gode prosjekter som regelmessig fikk økte tilskudd fra Kulturrådet. Senere møtte vi lignende motstand da markedsavdelingen ved Riksteateret i 2011 ikke ville promotere oss i noen særlig grad i forkant av turnéen. Men da vi gjorde en av våre beste forestillinger foran et fullsatt pressekorps, ble det skeive plutselig veldig interessant og spennende å markedsføre. Jeg tror at mange ikke tok oss seriøst fordi de hadde fordommer mot hvem vi var basert på måten vi fremsto i det daglige, noe som er trist å tenke på.

Eg tenker på korleis veremåte og livsstil er kopla saman og at kroppen alltid på ein eller annan måte vil vere eit uttrykk av dette. Livsstil innehar alle aspekt av livet, og er noko som vil skrive seg inn i kunstnarskapen uavhengig om ein er skeiv eller ikkje. Vi koreograferast av miljøet og menneska vi omgir oss med. Det er kanskje difor mange kroppsuttrykk som lesast som skeive er så distinkte. Det skeive handlar om å bryte med storsamfunnets strenge reglar, og slik blir det som er tydeleg skeivt noko som skil seg ut og som er lett å legge merke til. Skeiv livsstil er slik ein klar markør for skeive uttrykk og kunstuttrykk. Livsstil er kopla til det personlege og den kroppslege erfaringa er tydeleg kopla til dansen. Camp er uløyseleg kopla til det skeive, og det skeive kan i mange tilfelle handle om ei auka bevisstheit rundt framferd og nettopp performativitet. Susan Sontag skriv som ein del av tekstsamlinga Notes on «Camp»: «To perceive Camp in objects and persons is to understand Being-as-Playing-a-Role. It is the farthest extension, in sensibility, of the metaphor of life as theater»5.

UN: Det at vi møtte motstand – som man som skeiv er vant til uansett – etter den første forestillingen, gjorde vel at vi tenkte «faen heller, nå reiser vi heller ut av landet». Og dette tok oss til Cuba, og deretter Mexico, som ble steder som har vært viktige for utviklingen av TOYBOYS, men også for oss som mennesker. I over tyve år har vi reist dit og jeg har flere ganger tenkt på alle de utrolige historiene fra disse reisene. Tenk på hvor mye av dette som har fått sette farge på arbeidet vårt: Fyll, sex og eventyr! Og tenk at vi fremdeles har livet og helsa i behold. Vi er begge seksuelle mennesker, vi er begge mennesker som liker en fest, og både sexen og festen er viktige aspekter ved skeiv kultur. Det er måten vi har sex på og måten vi fester på som i stor grad gjør det skeive skeivt, og derfor insiterte vi på å vise frem dette. Provokasjon er nøkkelen.

Aspekt frå erfaringane av å være skeiv, som Ulf beskriv over, fekk kome fram i produksjonane til TOYBOYS. Improvisasjon var arbeidsmåten dei likte å bruke i skapinga, der dei improviserte gjerne ut i frå ein setning eller tittel. Improvisasjonane tok dei mellom anna til det karikerte og skrullete, det minimalistiske og stramme, og til leik med utmattelse og motstand. I førestillinga Hanged Puff var alt dette med, då dei gjorde scenerommet om til ein slags idrettsarena der dei to sleit seg gjennom ulike danseriske scenario. Ulf var ikledd tenniskole – Terje hadde på seg skjorte og bukse.

Skeive ekko og saftige sitat

TOYBOYS står igjen i norsk dansehistorie som eit viktig og skarpt ekko. Kompaniet tek framleis plass etter å ha insistert på å inkludere skeiv diskurs inn i scenekunstfeltet på lik linje med kunstnarar i andre delar av verda. TOYBOYS viser kor personleg kunstnararbeidet er og skal få vere. TOYBOYS sitt arbeid har blitt til gjennom å insistere og å drøyme, og difor handlar det om å insistere og drøyme på same tid – eit arbeid som har tilgjengeleggjort og opna opp scenerommet som eit endå større moglegheitsrom her i Noreg. TOYBOYS har gjort det norske danse- og scenekunstfeltet meir ope ved å by på det fasseterte og samtidig upolerte ved menneska. Dette ved å bryte med det forventa. Being natural is such a very difficult pose to keep up, sa Oscar Wilde. Heldigvis er det naturlege rikt, skakt og komplisert sa TOYBOYS. Get used to it.

Toyboys
Terje Tjøme Mossige og Ulf Nilseng i «To be natural is such a very difficult pose to keep up» (2009).


Fotnoter

  1. https://danseinfo.no/intervjuer/ulf-nilseng-aeresprisintervju/
  2. Munoz. J.E. (2009) Cruising Utopia. New York University Press
  3. Munoz. J.E. (1999) Disidentifications – Queers of Color and the Performance of Politics. University of Minnesota Press
  4. Foucault. M. (1980) The History of Sexuality, vol 1. New York Random House
  5. Sontag. S. (1966) Against Interpretation and Other Essays. Farrar, Straus & Giroux

    Informasjon om TOYBOYS finner man også her: www.ulfnilseng.com/toyboys

TOYBOYS
Kompaniet TOYBOYS vart grunnlagt i 2002 av dansekunstnarane Terje Tjøme Mossige og Ulf Nilseng.

Verksliste:
«While we are sleeping» (2002)
«BOYROOM» (2004)
«Ubarberte samtaler» (2006)
«NON STOP – LYDLØS» (2007)
«The man at the tramstop» (2008)
«To be natural is such a very difficult pose to keep up» (2009)
«There’s nothing new under the sun» (2010)
«Love and moving moments» (2011)
«Moment of Limitations» (2012)
«Hanged Puff» (2013)

Terje Tjøme Mossige, f. 1961, ble utdannet ved Statens Balletthøgskole (nå Kunsthøgskolen i Oslo) i perioden 1984-1987.

Mossige har siden den gang jobbet kontinuerlig som dansekunstner i det norske samtidsdansfeltet, Carte Blanche, ulike teatre og film. Han har også undervist på KHiO og DOCH i Stockholm og er mottaker av flere kunstnerstipend, stipend for etablerte kunstnere og ulike kunstnerpriser. 

Ulf Nilseng, f. 1964, er utdannet ved Statens Balletthøyskole (nå Kunsthøgskolen i Oslo) i 1995, og har siden da arbeidet som danser i frigruppefeltet.

Startet kompaniet TOYBOYS sammen med Terje Tjøme Mossige i 2002. Ulf fortsatte arbeidet med homoseksuell dansekunst i kompaniet ULF i 2014, som i de senere årene har vært aktuell med trilogien ULF goes Religious. Ulf mottar tiårig Statens arbeidsstipend for etablerte kunstnere, fikk Rolf Gammlengs pris i 2021 og Danseinformsjonens ærespris i 2022.

Jonas Øren er redaktør for tekstsamlinga Skeiv Bevegelse. Han er dansekunstnar og interessert i å undersøke korleis sjølvet, subjektivitet og identitet er knytta til kommunikasjon, produksjon og strategisk framføring gjennom dans og koreografi.

Ved å sjå til sjølv-performativitet, både i og utanfor scenerommet, ønsker han å spegle aspekt ved samtida og måtane vi kommuniserer på i dag. Øren har bachelorgrad i klassisk ballett og mastergrad i dans frå Kunsthøgskulen i Oslo, og har arbeida med dansen innanfor fleire kontekstar og i samarbeid med aktørar frå ulike felt. Han arbeider også som formidlingskonsulent på Dansens Hus.