Path Created with Sketch.

Informasjonsmøte om etablerte virksomheter og kunstnerskap

Infomøte
Kulturrådet inviterer til digitalt informasjonsmøte tirsdag 7. mai kl. 1100-1200.

I forkant av søknadsfrist 4. juni inviterer vi til eit digitalt informasjonsmøte. Denne gongen vektlegg vi tilskotsordningane Fri scenekunst – etablerte verksemder og Fri scenekunst – kunstnarskap (tidl. Basisfinansiering av frie scenekunstgrupper).

Etter ein innleiande presentasjon opnar vi for spørsmål. Da kan du òg ta opp ting du lurer på om søknadsprosessen og scenekunstordningane generelt. Møtet passar spesielt godt for etablerte scenekunstnarar, men også for andre søkarar som ønsker å lære meir om tilskotsordningane.

På møtet får du vite meir om:
– Fri scenekunst – kunstnarskap
– Fri scenekunst – etablerte verksemder
– Kva tilskotsordningar som har frist denne runden
– Korleis du kan gå fram for å få rettleiing eller stille spørsmål
– Generelle søknadstips

Det er seniorrådgivarane Hedda Abildsnes og Marit Grimstad Eggen frå faggruppa for scenekunst i Kulturdirektoratet som informerer.

Møtet er digitalt og opent for alle, men krev påmelding. Du får tilsendt lenke til møtet i forkant.

Du kan melde deg på møtet her.

Les mer her.