Det er ein av desse klare haustdagane som Oslo kan by på og Frysja syner seg frå si beste side.
Dansestudioet ligg rett ved sidan av Akerselva i ein roleg atmosfære, og i år fyller studioet 50 år!
Eg, Anna Einemo Frøysland, skal møte ildsjelen bak dette, Jane Hveding for å snakke om hennar rike danseliv. Kvar gong eg møter Jane er det som om noko av pågangsmotet hennar smittar over på meg, ho har ei eiga evne til å verke oppmuntrande.
Jane tok over som leigetakar av studioet etter Høvik Ballett i 1989 og har sidan jobba her med å skape eigne produksjonar, samt leigd ut til dansekunstnarar som eit av dei få studioa i byen med ein rimeleg pris.
Eg er ivrig etter å bli betre kjend med dansekunstnaren som har jobba med ein enorm produktivitet heile livet og skapt heile 110 førestillingar!


Dansestudioet Frysja ligger rett ved sidan Akerselva.
Kjeks, frukt og kaffi står klart, me slår oss ned og eg kjenner meg velkomen. Jane hoppar rett i det.
Det har alltid vore viktig for meg å møte godt førebudd til produksjonar. Første dag på prøvene hadde eg teikna ei ganske detaljert tidslinje med alt som skulle kunne skje i førestillinga. Eit slags manus. I dette låg det full fridom og samtidig hadde eg god kontroll. Med openheit for løysingar i samarbeid med dansarane var det viktig å tenke heilskapleg, at verket skulle stå på eigne bein og vere sjølvstendig.
Kan du fortelje meg om korleis det heile starta?
Eg vaks opp i eit hus i skogen på Vettakollen saman med ein stor familie, me var 7 søsken og familien dreiv med kunst, musikk og vitskap, mor hadde bier på tomten. Frå eg var 12 år dreiv eg med turn, reiste og konkurrerte på høgt nivå. Men etter kvart leitte eg etter noko anna, eg ville noko meir enn å få poeng for ein salto. Ein dag på trening blei eg svært overraska då eg hadde funne opp ei ny turnøving som ikkje fanst frå før, det var jo heilt utruleg!
Etter eg hadde fullført eit studie i pedagogikk, leitte eg lenge etter kva eg skulle bli vidare. Ein kveld gjekk eg og mor på den gamle Operaen for å sjå Strender, ein moderne ballett av Glen Tetley. Eg var mållaus, det var så fritt og ledig, dansarane seilte, ja dei flaug gjennom rommet som om heile lufta var til rådigheit! Eg ringde Randi Frønsdal frå ei annonse i avisa og gav klar beskjed: Eg må byrje på det vanskelegaste partiet, for eg vil bli god! Eg var 21 år og følte eg hadde mykje å ta igjen. Eg jobba hardt i 3 månader og opplevde raske framsteg, og skreiv ned tilbakemeldingane då eg kom heim.


Foto til venstre: Njårds elitetropp (1973) deltok i nordisk mesterskap på Isand og fikk plassering nr 1.
Foto til høyre: Njårds elitetropp på vei til Danmark (1973).
Og vidare gjekk reisa til England?
Ja, eg byrja på The London College of Dance and Drama og tok pedagogutdannelse. Her lærte eg mykje på 3 år og blei særleg inspirert av Cecchetti ballettmetode og Ruby Ginner´s frie bevegelser. Eg lærte at ein kvar bevegelse betydde noko, det skulle vere meiningsfullt for dansaren og at ikkje alt kan lærast frå ei bok.
I denne tida laga eg og min fyste solo med tittelen Plié. Eg laga heile dansen inni hovudet mitt, følte den fysisk på kroppen medan eg sat i ro på sengekanten. Soloen vakte begeistring hos lærarane og eg fekk vise den på skuleavslutninga og seinare på Danseloftet og Club 7 i Oslo. På slutten av studiet fekk eg Distinction i undervisning og prisen for den studenten som hadde forbetra seg mest.



Foto til venstre: Jane Hveding fikk opplæring i ballettmetoden Cecchetti ved London Collage of Dance and Drama (1977). Foto i midten og til høyre: Jane Hveding i sin første koreografi Plie (London Collage of Dance and Drama. 1977).
Korleis var det å kome tilbake til Noreg etterpå?
Eg underviste hos Randi Frønsdal, Fernanda Smith og på heildagslinja ved Operaballetten og hadde eigne elevar som skulle vere starten på min eigen skole. Men eg følte på kroppen at eg måtte trene sjølv også, og byrja å gå på Studio Oscar i Staffeldtsgate saman med andre profesjonelle dansarar. Seinare blei vi flytta til Rådhusgata, eit lite, firkanta studio med mykje trafikk utanfor. Me trena og sveitta så mykje at det kom klager frå kontoret ved sidan av at papira deira krølla seg! Vi lo fælt.
I 1981 var du i New York, korleis inspirerte det deg?
Her fann eg kjerna for meg i bevegelse. Eg trur millionar av moglegheiter opnar seg når bevegelsen på ein måte blir følt riktig. Den som lokka dette ut av meg var den berømte koreografen Anna Sokolow, eg gjekk i lære hjå ho på Julliard då ho var over 80 år. Eg hugsar alle studentane hennar var svært ærbødige. Det var ikkje mykje tull der i garden! Fyste timen spurte ho meg: What do you long for? Ho sendte meg heim for å tenkje grundig over saken og byrje å lage ein solo. I løpet av opphaldet fekk eg verkeleg bryne meg, eg både gråt og strevde med soloen, men ho lirka og hjelpte til. Forsiktig geleidet ho meg til å kjenne eigen motivasjon for neste bevegelse. Til slutt sa ho: No kan du kalle deg ein koreograf. Soloen blei til Dragning. Eg har mykje å takke ho for. Etterkvart blei kjelda lettare å få tak i, og koreografien kunne nokre gonger komme som perler på ei snor eller bli improvisert fram ved hjelp av intuisjon. I New York kom eg og borti spesialistar i Isadora Duncan sin teknikk og koreografi. Det enkle, reine og organiske appellerte til meg.



Soloen Dragning (1984) ble skapt i New York. Fotograf, til venstre: Yann Aker.
I anmeldelsande av stykka dine blei det ikkje spart på glitrande ros! Klassekampen omtala deg som ein «ener blant norske dansekunstnere». Korleis gjekk dette til, kva skjedde med karrieren då du kom til Noreg att?
Eg jobba som dansar og koreograferte inn og ut av dansegruppene her i Oslo, som Høvik Ballett, Collage, Hexakin, Kantarellen, Stellaris med fler. Her rullerte dei på kven som koreograferte, og eg hadde ikkje tid å vente. Eg blei oppmuntra til å søkje støtte frå Kulturrådet og fekk raskt tilslag for fleire store produksjonar.
Jane Hveding Danseproduksjoner starta i 1989 og min fyste store heilaftens var Margits drøm. Den var inspirert av diktet Margit Hjukse som vart lokka inn i fjellet av Bergkongen. Utsikten, ei kjærleikserklæring til livets herlighet, handla om fordommar og at vi alle ser med dei briller vi har på. Lucky man House opna med at ein dansar kastar med flugestang midt i ein vakker stjernehimmel. Her kom 8 dansarar frå ulike land saman, eit mylder blei til eit samla familiebilde. I Die Kunst der Fuge bryna eg meg med alle fugene til Bach.
I alle stykka mine jobba eg med svært dyktige folk, både dansarar, komponistar og lysdesignar, scenograf og kostymedesignar og eg er veldig takksam for dette. Bestillingsverk og oppdrag i dans og undervisning blei det også mykje av. Eg turnerte Norge med ulike skoleførestillingar i eigen og Rikskonsertenes regi. For meg blei det kjempeviktig å spreie kunnskap om dansekunst til barn og unge, samstundes fekk eg tryggheit og erfaring nok til å stå aleine på ei større scene. Då eg gjennomførte soloverket Poems – en tankes flukt i 1991, på Det Norske Teatret, fekk den Kritikarprisen. Under tittelen stod det: Tankene fødes, ledes og samles, for atter å forlate oss på brustne strenger. Eg framførte dette diktet:
A Rose is easy to love and forget
The blossom attracts and is colorful red
But when it grows old the leaves drop and die
The stem stands alone as an ugly tårn, thorn
And scares us from the time we are born.



Soloverket Poems – en tankes flukt (1991), ble vist på Det Norske Teatret og fekk Kritikarprisen. Foto: Erik Berg.


Foto til venstre: Marits drøm (1990). Koreografi: Jane Hveding. Dansere f.v: Øyvind Jørgensen, Sigrid Edvardsson, Jonas Digerud og Vibeke Støver. Musikk: Roy Inge Godøy. Scenografi: Tom Santtu. Foto: Erik Berg. Foto til høyre: Utsikten (1993). Koreografi: Jane Hveding. Dansere f.v: Reidar Sjøseth, Torunn Robstad og Gaute Grimeland. Foto: Erik Berg.


Foto til venstre: Lucky man House (1998). Premiere på Black Box teater på Aker Brygge den 23. oktober 1998. Koreografi: Jane Hveding. Nyskrevet musikk av Wolfgang Plagge. Foto: Erik Berg. Foto til høyre: Die Kunst der Fuge (1995), på Gamle Logen. Koreografi: Jane Hveding. Dansere f. v: Gaute Grimeland, Halldís Ólafsdóttir, Arne Fagerholt, Ingrid Lorentzen og Henriette Slorer. Musikk: Bach. Foto: Erik Berg.
Korleis kom Frysja inn i bildet?
Det var naturleg å overta studioet på Frysja etter Høvik Ballett då eg fekk støtte. Det meste skapa eg her. Når eg ikkje jobba der sjølv, leigde eg ut til andre dansarar. Seinare i 2006 tok eg ei utdanning i biletkunst på Nydalen Kunstskole. Å jobbe med bilete for meg er mykje likt å vera utøver og å koreografere på same tid.
Eg føler at Frysja ikkje er mitt, det er alle dansarane sin arbeidsstad!
Jane Hveding
Mellom 20-25 produksjonar skapast her kvart år. Skolen for Samtidsdans (nå Høyskolen for dansekunst) byrja si verksemd her. Eg elskar å møte dansarar på morgonen, ein ser at dei er so ivrige etter å komme i gang. Då vil eg berre oppmuntre, for eg veit kor mykje hardt arbeid som krevst. Dansarar krev ikkje mykje, men dei treng god plass og gode arbeidsforhold for å lage grenselause bevegelsar!
Alle er med og betaler, eg har ingen profitt. Eg er idealist og organiserer alt det praktiske frå reingjering til kontraktar. Det har vore utfordrande tider med utleigaren Kulturetaten, og då har eg fått uunnverleg god hjelp frå både Norske Dansekunstnere og frå Randi Urdal frå Danseinformasjonen. Stor takk til dem!

Kva sit du att med so langt i ditt danseliv?
Eg føler meg so rik, glad og heldig. Eg har hatt pågangsmot, tatt ansvar for eiga utvikling og fått gjort mykje. Har søkt allsidigheit og famna breidt, på grunn av interesse men også for å kunne livnære meg. Gjennom kunsten har eg fått folk til å le, undre seg og gråte utan at det nødvendigvis var tilsikta.
Jane Hveding
Eg har ikkje følgt ein spesiell sjanger, men bevega meg fritt og søkt mitt eige.
Eg er ein perfeksjonist og er sjeldan heilt nøgd, men eg verdset og står for kvar einaste bevegelse eg har laga. Takk til alle som har vore med og hjelpt meg på vegen. No er det min tur å inspirere, oppmuntre og vegleie andre!
Jane Hveding
(f. 1952) er koreograf, dansar, pedagog og biletkunstnar. Ho har utdanning frå Universitetet i Oslo, The London College of Dance and Drama, Nydalen Kunstskole og har gjennomført studier i New York, Wien, Jerusalem, Stockholm og Roma. Ho har dansa og koreografert for dansekompani, teater, NRK, Rikskonsertene og Nasjonalballetten. Jane Hveding Danseproduksjoner blei etablert i 1989 og har stått for over 100 små og store verk: Fantasia, Margits drøm, Poems, Utsikten, Die Kunst der Fuge, Studier og Lucky man House. Ho har turnert i Norge og vore representert på festivalar i utlandet. Ho har undervist og koreografert primært ved Kunsthøgskolen i Oslo, men også ved Operaballettens heildagsskole, Norges Idrettshøgskole og Fagerborg VGS.
Dei siste åra har ho sett nærare på samanhengar mellom dansekunst og biletkunst.
Ho fekk Kritikarprisen for Poems – en tankes flukt i 1992, Oslo By´s Kulturstipend i 2001 og Garantiinntekt/Statens Seniorstipend frå 1994.
Anna Einemo Frøysland
(f. 1992) er dansar og koreograf. Ho har ein bachelorgrad i samtidsdans (2016) og ein mastergrad i koreografi (2025) frå Kunsthøgskolen i Oslo. Ho har jobba som dansar i førestillingar for Nagelhus Schia Productions, Ingun Bjørnsgaard Prosjekt, Jeff Pedersen Productions, og fasilitert i den interaktive utstillinga The cleaner av Marina Abramović. Anna har dansa og koreografert i fleire produksjonar: Still, Den skamfulle dansen, Spil, Vestigia og Gigant. Ho koreograferte og dansa i filmen Left life behind (2021) som ble tildelt prisen Beste film frå Vest under BIFF i 2022. Anna var ein del av Nasjonalballettens satsing på nye koreografer i 2020-2022. Anna fekk Statens Kunstnarstipend i 2020-2022, samt stipend frå Sparebankstiftelsen SFJ og Norske Dansekunstnere.
Om Dansestudioet på Frysja
Dansestudioet på Frysja i Oslo har vært en del av kunstsenteret siden det ble opprettet i 1976. Koreograf Jane Hveding har vært leietaker av dansestudioet siden 1989, da hun overtok etter Høvik ballett, sammen med Kjersti Kramm Engebrigtsen og Merete Bergersen. Dansestudioet er i daglig bruk av det profesjonelle dansekunstmiljøet i Norge, og det har vært produksjonssted og forestillingssted for utallige dansere og koreografer.
Studioet har huset Høvik ballett, Norges første frie profesjonelle dansegruppe, i tillegg til Skolen for Samtidsdans fra 2002-2005.
Kilde: scenekunst.no